Stikkordarkiv: Bedrift

Fleire bedriftspresentasjonar

I uke 13 og 14 vart det arrangert bedriftspresentasjonar med både fôrfirmaet Ewos og MSD Animal Health for LFFHs studentar. Det var godt oppmøte med opp mot 30 stykker, alt fra førsteårs- til masterstudentar var til stede. For oss er det viktig å få innblikk i arbeidslivet som ventar på oss når vi er ferdige, og det er inspirerande å kunne snuse på arbeidsretningar som kan være aktuelle.

Ewos hadde invitert oss til sine lokaler på Tollbodallmenningen der tre ansatte fiskehelsebiologar fortalte litt om bedrifta og korleis arbeidsdagane deira ser ut. Det vart også tid til at nokre av masterstudentane fikk fortelje om masteroppgåvene dei har bestemt seg for, og kva jobbar dei kan sjå for seg etter studiet. Etter presentasjonen vart det servert sushi og fiskegodt av forskjellig slag, samtidig som det vart tid for mingling.

Veka etter hadde MSD presentasjon på K3/K4. Johan Kvalheim, tidligare utsening fra eksportutvalget for fisk i Frankrike og Storbritannia, snakka om Noregs eksportnæring innen oppdrett og litt om MSD si rolle innan dette. Vi fikk også litt innsikt i arbeidet han hadde hatt i Frankrike, og det var noko å lære for dei fleste. Deretter fortalte Petter Frost meir om kven MSD er og kva dei driv på med, der han hadde spesielt fokus på forskning. Etter presentasjonen var det ein fornøyd gjeng som fikk påspandert pizza, og det vart tid for mingling.

 

Desse arrangementa er viktige bindeledd mellom studentar og bedrifter, og er derfor veldig viktige. Studentar som ennå ikkje har vore på nokre av desse, burde komme seg ut fra lesesalen (eller senga) og benytte seg av tilbuda som LFFH arrangerer. Framover mot våren står det også mykje sosialt på kalenderen. Denne helga var det duka for årets hyttetur, og ein sommarfest seinare i april er å sjå fram til for studentane.

Bedriftsbesøk

Etter det nye årsskiftet starta linjeforeininga med bedriftspresentasjon hos Marine Harvest.

Presentasjonen blei haldt i Marine Harvest sine lokale i Sandviken og det var HR Manager Geir Elgsaas som førte presentasjonen saman med ein av Marine Harvest sine eigne fiskehelsebiologar. Det var 20 medlemmer tilstade frå linjeforeininga og alle var nøgde med presentasjonen. Ein fekk informasjon om sjølve bedrifta og det dei sett fokus på innanfor næringa, samt informasjon rundt kvardagen til fiskhelsebiologen. Ved slutten av presentasjonen var der også rom for svar på spørsmål.

photo

 

Vidare i vårsemesteret har styret i linjeforeininga deltatt i planlegging av biologisk karriæredag som vil finne stad i morgon 13 februar. Andre arrangement som er aktuelle utover våren vil vere hyttetur for linjeforeininga, samt bedrifts arrangement saman med Ewos og Salmongroup.